Om klagenemnda

Klagenemnda er eit uavhengig statleg organ som er administrativt underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Det er departementet som bestemmer kven som er nemnda sine medlemmer.

Husbanken har ansvaret for nemndas sekretariat.

Klagenemnda avgjer klager på enkeltvedtak om:

  • tildeling, utmåling, avvising og avslag på lån, tilskot og bustønad
  • krav på tilbakebetaling av bustønad, jf lov om bustønad § 11.

Klagenemnda kan ikkje instruerast verken når det gjeld tolking av regelverk, utøving av skjønn, avgjersler i enkeltsaker eller saksbehandling. Klagenemnda sine avgjersler kan ikkje påklagast.

For nærare reglar om klagenemndas kompetanse, saksbehandling osv., sjå forskrift for Husbankens klagenemnd (Lovdata).