Ein attraktiv arbeidsplass

Hos oss møter du faglege utfordringar, krevande kundar og samarbeidspartnarar,  god opplæring og moglegheit for kompetanseutvikling.

Faglige utfordringar
I Husbanken kan du bidra til at vanskelegstilte på bustadmarknaden kan etablere seg og bli buande i ein egna bustad. Du kan vere med å påverke kvaliteten på framtidige bustader når det gjeld krav til universell utforming, miljø og energibruk. I tillegg til dei økonomiske verkemidla er samarbeid, rettleiing og kompetansehevande tiltak òg viktige verkemiddel. Vi legg til rette for, og samarbeider med kommunar, andre offentlege instansar, interesseorganisasjonar, forskarmiljø og aktørar innanfor byggjebransjen.

Krevande kundar og samarbeidspartnarar
Kundane våre er hovudsakleg profesjonelle aktørar som kommunar, utbyggjarar og bustadbyggjelag. Vi møter krevande kundar og samarbeidspartnarar med høg kompetanse. Dette stiller store krav til oss og gjer at vi har behov for dyktige leiarar og medarbeidarar.
 
God opplæring og mogleheit for kompetanseutvikling
Vi gir våre nye tilsette grunnopplæring om Husbanken, fagleg rettleiing og moglegheit for hospitering ved eit regionkontor eller ved dei sentrale kontora. Vi satsar på å utvikle medarbeidarane våre gjennom krevande arbeidsoppgåver og systematisk kompetanseutvikling.

Høgt kompetansenivå
I Husbanken har vi behov for tilsette med ulik utdanningsbakgrunn. Vi har i dag  sosionomar, samfunnsvitarar, økonomar, ingeniørar, arkitektar og juristar med meir. I tillegg har vi ei rekkje medarbeidarar med bakgrunn innanfor IT, kommunikasjon, arkivfag og HR.

Samarbeid på tvers
Ein stor del av Husbankens kundekontakt skjer gjennom regionkontora, som med sin solide lokalkunnskap er ein viktig samarbeidspartnar for kommunar og byggjebransje i sine fylke. Den regionaliserte organisasjonsstrukturen gir ein nærleik til kundar og samarbeidspartnarar som er avgjerande for at Husbanken skal kunne bidra til gode resultat. For å oppnå erfaringsutveksling og læring på tvers i organisasjonen legg vi til rette for godt samarbeid mellom de ulike kontora.