Sjå opp for falske e-postar

Husbanken har i mars 2017 fått fleire meldingar frå personar som har fått falske e-postar som gjev seg ut for å vere frå Husbanken. E-postane har faktura/e-faktura frå «Den Norske Stats Husbank» som tema, og inneheld ei lenke til Dropbox.

Desse e-postane kjem ikkje frå Husbanken, og lenka inneheld mest sannsynleg eit datavirus.

Korleis ser eg at e-posten er falsk?

  • Alle e-postar frå Husbanken kjem frå adresser som sluttar med @husbanken.no.
  • Husbanken bruker ikkje Dropbox i dialogen med lånekundar.
  • Husbanken heiter ikkje lenger Den Norske Stats Husbank, berre Husbanken.

Kva gjer eg om eg har fått falsk e-post?

Om du har fått e-post som du mistenker at er falsk bør du:

  • Ikkje trykke på lenker eller åpne vedlegg.
  • Sende e-posten vidare til post@husbanken.no, slik at vi kan gjere andre kundar merksame på falske e-postar.



Eksempel på falsk e-post

 Bilde: Eksempel på falsk e-post som gir seg ut for å vere frå Husbanken.