For at eldre skal kunne bu heime lenger, treng vi fleire eigna bustader i kommunane. Å tilpasse eksisterande bustader i distrikta er avgjerande, i tillegg til å bygge nytt.
Start: 22. september 2022 10.00
Slutt: 22. september 2022 12.00
Sted: Webinar
Pris: Gratis
Webinaret er for alle som jobbar med bustader og eldre i distrikta.
Eldre ynskjer å bu heime lenger. Det er bra både for den enkelte sin livskvalitet, og det er økonomisk lønsamt for samfunnet. For å nå dette målet, er vi avhengige av fleire eigna bustader i kommunane.
Å tilpasse eksisterande bustader i distrikta er ein ekstra viktig del av bustadpolitikken. Årsakene er mellom anna at det er
få bustader som er universelt forma pga. eldre bustadmasse og mange einebustader
lite nybygging på grunn av større tapsrisiko ved sal
utfordrande å finansiere kjøp av ny eigna bustad med sal av noverande bustad.
Program
Film frå Kongsvinger.
Innleiing til webinar, v/ Erik Simensen, avdelingsdirektør Husbanken.
Kongsvinger – arbeidet vårt med eldre og bustad v/Eli Wathne, ordførar, Lars Uglem, rådmann og Else-Marit Sætaberget, rådgjevar stab, helse og meistring.
Korleis komme i gang med bustadrådgjeving? v/ Sigbjørn Spurkeland, Husbanken.
Bustadkontor i Ullensvang kommune: Kartlegging, organisering, motivering og finansiering, v/ Kjellrun Tveisme, fagleiar ved bustadkontoret i Ullensvang kommune.
Motivere eldre til å tilpasse bustad – visningsleilegheit i Stryn, v/ Jannike Sunde – folkehelsekoordinator i Stryn kommune.
Tverrfagleg bustadrådgjeving og samarbeid med frivillige i Melhus kommune, v/ Tommy Rønne, Husbanken Midt-Noreg og Melhus kommune.
Hjelpemiddel og tilskot i staden for hjelpemiddel frå NAV, v/NAV Hjelpemiddelsentralen.
Husbankens verkemiddel for tilpassing av bustad + spørsmål frå deltakarar, v/Osmund Kaldheim, administrerande direktør i Husbanken.