Bergen: Fagdag om ny bustadsosial lov

Statsforvaltaren i Vestland og Husbanken inviterer til fagdag i Bergen, der vi saman går gjennom den nye lova og kva følgjer ho får for det bustadsosiale arbeidet i kommunane.

Start: 10. mai 2023 11.30
Slutt: 10. mai 2023 15.30
Sted: Thon hotell Bergen Airport
Pris: Sjå lenke til påmelding
Fagdagen er for kommunedirektørar, kommunalsjefar, leiarar og medarbeidarar innan feltet.
Påmeldingsfrist: 26. april 2023 08.00

Stortinget har vedteke ei ny lov om kommunane sitt ansvar på det bustadsosiale feltet. Lova vidarefører i hovudsak pliktene som kommunane har i dag gjennom medverkingsansvaret i sosialtjenestelova § 15 og helse- og omsorgstjenesteloven § 3-7, men presiserer og til dels skjerpar ansvaret.

Dei nye og skjerpa krava gjeld plikt til å ta bustadsosiale hensyn i planlegging og strengare krav til saksbehandlinga. Kommunane har etter § 5 fått plikt til å samarbeide på tvers av sektorar, samordne tenestene sine og samarbeide med andre offentlege aktørar som kan bidra. Kommunen skal ha oversikt over bustadsosiale behov, og desse skal inngå i grunnlaget for kommunane sitt arbeid med planstrategi og kommuneplan, og fastsette overordna mål og strategiar for det bustadsosiale arbeidet.

Ingrid Johanne Dahlberg, fagdirektør i Kommunal- og distriktsdepartementet, vil gi ein grundig gjennomgang av lova, som trer i kraft 1. juli 2023. I tillegg får vi innlegg frå ulike kommunar om kva konsekvensar dei meiner den nye lova vil gi, og det vert høve til å stille spørsmål.

Informasjon og påmelding