Sentrumsprosjekt gav bustadvekst på landsbygda

Stadsutvikling på små stadar 2006-2010

Vegårshei kommune vart med på eit ambisiøst stadsutviklingsprosjekt i 2007 og drøymde om 100 fleire innbyggarar innan 2018. Satsinga var så vellykka, at i 2016 etablere nærare 200 nye skattebetalarar seg i den vesle bygda i Aust-Agder. De aller fleste nyetableringar har og komen mindre enn 500 meter frå sentrum. Det er spesielt eit verkemiddel som utpeiker seg i denne historia: Bustadar.

  1. Ein av bakgårdane i Hovet bustadområde sitt fyrste byggetrinn.

    Ein av bakgårdane i Hovet bustadområde sitt fyrste byggetrinn.

  2. Håvet bustadområde i Vegårshei sentrum med 18 leilegheiter til høgre og 16 tomannsbustadane til venstre.

    Håvet bustadområde i Vegårshei sentrum med 18 leilegheiter til høgre og 16 tomannsbustadane til venstre.

  3. Byggeskikken med saltak, utforming og farger passer inn i bygdas eksisterande busetnad.

    Byggeskikken med saltak, utforming og farger passer inn i bygdas eksisterande busetnad.

  4. Dette bygget med seks leilegheiter stod ferdig i 2015 og ligg rett ved sjukeheimen.

    Dette bygget med seks leilegheiter stod ferdig i 2015 og ligg rett ved sjukeheimen.

  5. Langs hovudgata inn mot sentrum ligg det fire nye tomannsbustadar oppført i 2016.

    Langs hovudgata inn mot sentrum ligg det fire nye tomannsbustadar oppført i 2016.

  6. Den falleferdige låven på Myra Midtre har blitt heilt ny, og samtidig beheldt sin originale fasade og form.

    Den falleferdige låven på Myra Midtre har blitt heilt ny, og samtidig beheldt sin originale fasade og form.

  7. Tordis Bråten (t.v.) og Liv Skeimo bur fortsatt i låven og hovudhuset med kort avstand til alt dei treng rett over vegen. Ordførar Kirsten Helen Myren i midten.

    Tordis Bråten (t.v.) og Liv Skeimo bur fortsatt i låven og hovudhuset med kort avstand til alt dei treng rett over vegen. Ordførar Kirsten Helen Myren i midten.

  8. I Tordis Bråtens leilegheit i kjellaren på låven var det fjøs i gamle dagar. Leilegheita er på 66 kvadratmeter, den er godt isolert og universelt utforma.

    I Tordis Bråtens leilegheit i kjellaren på låven var det fjøs i gamle dagar. Leilegheita er på 66 kvadratmeter, den er godt isolert og universelt utforma.

  9. Liv Skeimo flytta inn i det totalrenoverte hovudhuset i 2007. Barnebarna stikk ofte innom etter skulen som ligg nokre steinkast unna.

    Liv Skeimo flytta inn i det totalrenoverte hovudhuset i 2007. Barnebarna stikk ofte innom etter skulen som ligg nokre steinkast unna.

  10. Kommunen har kjøpt denne sentrumseigendommen og gjort innhuset om til to leilegheiter. Låven kan på sikt bli bygd om til leilegheiter og næringslokale.

    Kommunen har kjøpt denne sentrumseigendommen og gjort innhuset om til to leilegheiter. Låven kan på sikt bli bygd om til leilegheiter og næringslokale.

 

For kommunen er det kort vei for hjelpetenestene, sentrum får eit løft og det vert fleire menneskjer som møtast der. Færre innbyggjarar er einsame og trivselen aukar, noko som gjev betre helse og livskvalitet. Det er og meir miljøvenleg med mindre trafikk og lågare energiforbruk når fleire bur i sentrum.

Det har skjedd ei dramatisk livsstilendring i samfunnet dei siste åra. Stadig fleire ønskjer å bu i eller nærare sentrum i byane. Mange kommunar slit med å behalde sine eigne innbyggarar og tiltrekkje seg dei unge, fordi dei ikkje har attraktive bustadar tilpassa ulike livssituasjonar, arbeidsplassar eller eit variert kulturtilbod.

Vegårshei er ein kommune som har gjort noko med dette.

Stadsutviklingsprosjektet «Den levende bygda» er eit avslutta nettverkssamarbeid mellom kommunane Vegårshei, Iveland og Åmli, Aust-Agder fylkeskommune og Husbanken. Målet med nettverket var å utvikle metodar og konkrete eksempel som fører til vekst i innbyggjartal som andre kommunar kan lære av.

«Den levende bygda»

I kommuneplanen 2006-18 satt Vegårshei kommune seg eit mål om å auke innbyggjartalet med 100 fram mot 2018. «Den levende bygda» fekk etter kvar eit innhald som handla om utvikling og marknadsføring av tettstad, buområder, kultur og næringsliv.

- Vi kjem ikkje utanom at eldrebølga tvingar fram ein bustadpolitikk med korte avstandar til møteplasser, butikkar og servicetilbod, så folk kan bu heime lengre. Men veksten her i Vegårshei viser at det er attraktivt for folk i alle aldre å bu i sentrum, seier rådmann Ole Petter Skjævestad no ni år seinare.

Tredobla bustadbygginga

Etter at prosjektet kom i gang i 2007 og kommunen byrja å føre ein meir bevisst bustadpolitikk, forma etter innbyggjarane sine utfordringar og det dei etterspurde, har bustadbygginga i sentrum meir enn tredobla seg. Talet på ferdigstilte bustadar auka frå 30 til 110 dei sju åra etter at prosjektet starta samanlikna med de sju åra før. På få år var det 40 leilegheiter i sentrum der det aldri har vore leilegheiter før.

Det var med andre ord «Den levende bygda» som satt fart i bustadutviklinga på Vegårshei. Kommunen sitt mål om 100 fleire innbyggjarar innan 2018 vart nådd allereie i 2012. 1. oktober 2015 budde det 2035 menneskjer på Vegårshei mot 1856 i 2006. Det nye målet er no 2.200 innbyggjarar innan 2025.

Folk vil bu i sentrum

Einebustadar er det nok av på bygda. Difor er det hovudsakleg tomannsbustadar og leilegheiter som har blitt oppført dei sju siste åra, brorparten av dei i gang- og rullatoravstand til sentrum. Det mest konkrete eksempelet er Håvet bustadområde som stod ferdig i 2008. Her er det 34 bustadar mellom 44 og 120 kvadratmeter som er bygd i to trinn.

Kommunen trudde først at salet var avhengig av låge prisar, og at ingen ville velje leilegheit eller rekkehus i Vegårshei. Likevel vart over halvparten av leilegheitene i første byggetrinn seld i løpet av formiddagen under Vegårsheidagen 2008, trass i veksande prisar etter finanskrisa.

Korleis har kommunen fått dette til?

I kommuneplanen er bustad heilt sentralt. Det handlar om ei heilskapleg utvikling av sentrum som betyr fortetting, variasjon, korte avstandar, møteplassar og fibernett. Kort sagt stadutvikling og bustadutvikling hand i hand.

-I kommuneplanen seier vi at bustadpolitikken skal vere første ledd i ein kjede av helse- og omsorgstenester. Gjennom dette prosjektet erfarte vi at helse og omsorg og handlar om å førebygge at folk vert einsame og det å skape sosiale møteplasser. Dette målet er eg mest fornøgd med i heile kommuneplanen, seier rådmann Skjævestad.

Kommunen bestilte ei grundig kartlegging av areala i sentrum, kva områder som nyttast i dag, potensialet for fortetting og gode møteplassar. Og for å få engasjert innbyggjarane til å vere med og utvikle bygda si, jobba kommunen med to konkrete prosesser:

1)    Reell medverknad

Reell medverknad betyr at ein brukar tid og ressursar for å oppnå dialog og tillit til innbyggjarane og ulike brukargrupper. Det er avgjerande at kommunen er ærleg på kva de er opne for innspel på og kva som er avgjort på forhand. Dette førebygde frustrasjon og misforståingar blant innbyggjarane. Kommunen arrangerte mange folkemøter og mindre grupper (begeistRinger) med ulike satsingsområder.

I oppstartinga til planarbeidet hadde ein ei mastergradsoppgåve om tettstadsutvikling på Vegårshei utarbeida av landskapsarkitekt Elise Alfheim frå UMB, Ås, som grunnlag. Oppgåva «Et samlende sentrum – sett i et 10-30 års perspektiv» inneheld idéskisser og spenstige forslag som fungerte som blikkfang utanfor butikken på laurdagar. Dette bidrog til ein god oppstartsdialog med store delar av bygdas befolkning. I tillegg hadde forfattaren intervjua skuleklassar og gjort seg kjend med bygdas historie og særtrekk.

2)    Engasjement og forankring

Masteroppgåva hadde mange interessante idear og avdekka endå fleire alternativ. For å konkretisere tilbakemeldingane vart konsulentar i Asplan Viak og Grønn strek engasjert. Dei skulle utvikle alternative idear og deretter lage grunnlaget for revidert reguleringsplan for sentrum. Styringsgruppa med ordfører, andre leiande politikarar, administrasjonen og representantar frå innbyggjarane i kommunen, fylket og Husbanken var samla for å utvikle sentrumsplanen. 

Startskotet var i november 2007 med eit seminar over to dagar for å dykke ned i arbeidet og komme opp med alle tenkelige kreative forslag til løysingar. Kommunestyre hadde ei samling tidleg for å forankre arbeidet politisk.

Bustadplanlegging

Kommunen la til rette for bustadtomter og bygging i ein plan for sentrumsutvikling. Til ei kvar tid var det cirka 20 byggjeklare bustadtomter og ytterligare 20 til regulering for bustadutvikling. Slik er det og i dag. Ut over dette trenger ikkje kommunen styre utviklinga så mykje. Utbyggjarane har forstått at folk vil bu i mindre bustadar i sentrum, og at universell utforming er ein fordel.

- Dei som har flytta inn til sentrum er veldig fornøgde. Mange av dei skulle gjerne gjort det tidlegare, no som dei har erfart fordelane av å bu nærare andre og stadens tilbod, seier Skjævestad.

Transformering av låve til leilegheiter

Eit særpreg ved det indre sentrum er gardstun som består av eldre våningshus med tilhøyrande uthus. I prosjektet vart fleire av eigarane kontakta for å kartlegge interessa for å byggje om låvane til utleigeleilegheiter. Fem av låveeigarane vart med i delprosjektet «begeistRing for låver», der prosjektet dekka arkitektteikna skisser som fekk fram moglegheitene for ombygging med universell utforming for kvar av låvane.

Først ut var Myra Midtre som ligger midt i Vegårshei sentrum. Det er eit tun med hovudhus og ein låve frå 1913. Hovudhuset vart renovert og bygga om til to bueiningar. Her flytta to pensjonerte damer inn i 2007. Den rotne låven er verneverdig og kunne difor verken rivast eller byggast om. Så eigarane bygde opp ein ny låve med tilnærma identisk fasade inni det falleferdige skallet og oppå den originale grunnmuren. Den originale fargen Rørosrød beheldt de.

Les og «Fra falleferdig låve til moderne leiligheter» med bilete frå før og etter renoveringa.

Skilnaden frå det som ein gong var grisehus og fjøs, er at det er tre leilegheiter der no, ein på 66 og to på cirka 33 kvadratmeter. Alle leilegheitene har eit lågt energiforbruk og universell utforming med tilgjenge for rullestol til alle rom. To av dei har inngang frå låvebrua, der det er parkeringsplass for syklar eller rullatorar. I 2009 var leilegheitene ferdige og tre pensjonerte damer flytta inn. Dei hadde stått på ei venteliste i tre år saman med 16 andre sambygdingar.

Damene på låven

Liv Skeimo (87) og Tordis Bråten (91) bur fortsatt i låven og hovudhuset saman med ei flyktning frå Syria og to unge damer. Dei andre pensjonistane bur på sjukeheim og i omsorgsbustad. Liv og Tordis hadde begge store einebustadar langt utanfor sentrum der dei budde alene i 15 og 20 år etter å ha vorte enker. Barna deira overtok då dei flytta inn på Myra Midtre.

Damene bur midt i sentrum og har gangavstand til alt dei treng. Dei kan klare seg sjølve og har venar og familie i nærleiken som følgjer med. Alt har vorte meir lettvint og dei føler seg tryggare når dei får bu lenge heime og vere engasjert i lokalmiljøet.

 

Tekst og foto: Kim A. Johnsen/Husbanken sør

Prosjektopplysninger

Prosjektperiode:
2006-2010

Mer informasjon

Sist oppdatert: 
13.08.2016