ByBo Kirkens bymisjon Oslo vinnar av Statens pris for bustadsosialt arbeid 2014

Av dei tre nominerte til finalen var det butilbodet ByBo ved Kirkens bymisjon i Oslo som vann heidersprisen som vart utdelt i Oslo måndag 12. mai 2014.

I grunngjevinga til juryen heiter det at ByBo viser kor viktig det er at også  frivillige organisasjonar  engasjerer seg i å busetja fleire vanskelegstilte. Juryleiar Magnhild Meltveit Kleppa hadde gleda av å overrekkje prisen til representantar frå ByBo Kirkens bymisjon. I tillegg til heider og ære fekk vinnarane tildelt ein sjekk på 100 000 kronar.

Frå venstre: Aud Kvalbein, Oslo kommune, Marit Nybø, Kirkens bymisjon, Magnhild Meltveit Kleppa, juryleiar, Pål Reinertsen, Kirkens bymisjon, Fethawit Hakin, Kirkens bymisjon og Johannes Heggland, Kirkens bymisjon. Foto: Husbanken

Juryen meiner ByBo er eit førebilete både når det gjeld måten dei samarbeider med offentlege etatar på, utvikling av butilbod og i høve til å dela kunnskap med andre.

- Kirkens bymisjon ved ByBo har over tid utvikla metodar for busetjing av vanskelegstilte med gode resultat. Arbeidet dei gjer og metodane dei har utvikla tar utgangspunkt i brukarmedverknad der det einskilde menneske  står i sentrum. I tillegg til å lukkast med å busetja vanskelegstilte, deler dei raust av sine kunnskapar og erfaringar. Denne verdifulle erfaringsutvekslinga er avgjerande for utviklinga av nye, innovative  arbeidsmetodar innanfor det bustadsosiale feltet, seier juryleiar Magnhild Meltveit Kleppa.

ByBo Kirkens Bymisjon har sidan dei starta opp  i 2008 hatt som overordna mål å få på plass eit variert og fleksibelt bustadsosialt  tilbod i hovudstaden, og har utvikla  ein eigen  evne til å fanga opp menneske som fell utanfor dei kommunale bustadtilboda. Butilbodet deira buset mange med samansette problem og som treng mykje hjelp. Tenestilbodet vert tilpassa den einskilde, og mange bur no meir stabilt og lengre gjennom ByBo enn dei har gjort tidlegare. Dette har resultert i ein kraftig nedgang i talet på akuttinnleggingar.

Verksemda disponerer ca. 80 leilegheiter fordelt på 6 ulike adresser. Tilbodet er differensiert, dei ulike husa har forskjellig profil, størrelse og faglig tilnærming. Felles for alle hus er vektlegging på varighet,  og alle bebuarane har vanlige husleigekontraktar.