Nasjonal Housing First-konferanse: Den ansvarlege brukaren i sentrum

- Housing First-metoden krev ikkje at bebuaren skal vere rusfri for å få bustad. Bebuaren mistar heller ikkje hjelpeapparatet rundt seg, sjølv om han skulle miste bustaden, sa Sam Tsemberis på den nasjonale Housing First-konferansen i Bergen.

Han meinte at Noreg har alle føresetnader for å skaffe varige bustader til dei kronisk bustadlause:
- Det er nesten litt underleg å kome til Noreg for å belære dykk i arbeidet med å skaffe folk bustad. Vi ser nemleg ofte til Noreg for å lære, poengterte han.

Sam Tsemberis er doktor i klinisk psykologi og grunnleggar av organisasjonen Pathways to housing i USA. Han var hovudinnleiar på den nasjonale konferansen med tittelen «Housing First – bustad i eit helse- og arbeidsperspektiv». På den andre konferansedagen rettleia han kommunane i metoden ut frå deira førehandsinnsende spørsmål.

Sam Tsemberis
-Housing First handlar om å få slutt på bustadløysa, ikkje korleis dei bustadlause kan få det betre som bustadlause, poengterte Sam Tsemberis.

Bustaden inga påskjønning for «god åtferd»

- Det er relativt enkelt å fjerne bustadløysa, men tidkrevjande å rehabilitere vanskelegstilte, understreka Sam Tsemberis. Housing First utfordrar tradisjonell sosialhjelp til bustadlause, der det er vanleg å få tildelt bustad, dersom du har fått skikk på livet ditt. Her blir bustaden ei påskjøning for god åtferd. Housing First-modellen snur dette på hovudet: Du treng ikkje å vere rusfri for å få bustad. Bustaden vert utgangspunktet for å kome vidare i livet. Metoden hoppar dermed bukk over mange av dei mellombels bu-fasane som hospits og liknande. I Housing First-programmet får den bustadlause i tillegg til bustad også tett oppfølging frå eit team. Sjølv om bebuaren skulle miste bustaden, mistar dei ikkje teamet. Housing First skil såleis klart mellom bustad og tenester.  

 

 

 

Metoden er basert på fire grunnleggande dimensjonar:

1 Brukaren må gjere sjølvstendige val
2 Tenestene skal vere brukartilpassa
3 Skilje mellom bustad og tenester
4 «Recovery»-retta tenester

Ansvarleggjer brukaren

Brukarstyrte val er grunnlaget for programmet og ansvarleggjer brukaren. I staden for at den bustadlause må tilpasse seg systemet, blir han sett i fokus for tenestene. Metoden prøver å sjølvstendiggjere den bustadlause. Brukaren sine ønsker og behov er utgangspunkt for tenesteytinga. Teamet skal ikkje løyse problema for brukaren, men lære han å takle dei sjølv.

Les og om Housing First i Skien.

Teamet er limet

Ved at teamet består sjølv om bustaden forgår, har den bustadlause alltid nokon, som kan hjelpe han vidare. Brukarane treng ikkje å delta i psykiatrisk behandling eller vere rusfrie for å få bustad. Den teambaserte arbeidsmåten sikrar såleis brukaren ei stabil og trygg oppfølging over tid uavhengig av varierande buevna. Relasjonen til brukaren er ein avgjerande faktor i arbeidet. Dei bustadlause har vore gjennom mange kriser. Housing First set brukaren i sentrum og arbeider med den lidande, ikkje med lidinga. Programmet representerer eit nytt syn på maktrelasjonane mellom brukar og tenesteytar, eit nytt syn på kvar og korleis tenesteytinga skal finne stad og eit nytt syn på behandlingskultur. Det er menneskeleg å feile, sa Tsemberis og uttrykte dette med orda «the dignity of failure». 
Housing First
Rekordstor oppslutning om Housing First konferansen i Bergen.

Per
-Det brukarstyrte prinsippet fungerte svært godt for meg. Eg vart tatt på alvor og har gått frå bustadlaus rusmisbrukar til å kunne kjøpe meg min eigen bustad, fortalde tidlegare rusmisbrukar Per-Arne. - Eg har det bra no takka vere ein lydhøyr terapeut, poengterte han.
Presentasjon bilde
Housing First byggjer på middelbar tilgang til bustad og personleg støtte og hoppar over hospitsfasen".

Rettleia kommunane

På den andre dagen av samlinga rettleia Sam Tsemberis kommunane som deltok på konferansen. Til no har om lag 15 norske kommunar teke i bruk prinsippa som ligg til grunn for Housing First programmet. Konferansekommunane hadde på førehand sendt inn skriftlege spørsmål, slik at han kunne dei gi grundige svar. Denne dagen vart både konkret og brukarretta, slik at kommunane kunne lære både av Tsemberis sine råd og av kvarandre sine erfaringar.

Sam forteller
Housing First-programmet handlar om allmenne menneskerettar, om å ta brukarane på alvor og gjerne han ansvarleg for sien eigne val. Dette krev evne til å halde ut samt øving og atter øving, poengterte Sam Tsemberis.

Lenker til foredraga:

Lars Marius Ulfrstad: Bustad i et velferdsperspektiv
Sam Tsemberis: Housing First programmet
John Dutton: Ditt valg - bolig først
Anette Mjelde: boligens betydning for Helsedirektoratets satsinger
Yngvar Åsholt: Bolig i et arbeidsperspektiv