Housing First-prosjektet i vest samarbeider internasjonalt

Grunnleggjaren av Housing First i New York, Dr. Sam Tsemberis vil dele sine internasjonale erfaringar ved utarbeiding av ei metodehåndbok for norske forhold.

Tsemberis vil blant anna kommentere framgangsmåten som er nytta i kommunane Bergen og Sandnes, og kome med praktiske råd til korleis ein best mogeleg kan ivareta prinsippa i metoden under norske forhold.


Bilde: Sam Tsemberis, grunnleggjar av Housing First i USA.

Kontakten mellom Sam Tsemberis og prosjektleiar, Helse vest, blei oppretta under den nasjonale konferansen «Housing First – bolig i et helse- og arbeidsperspektiv», som gjekk av stabelen i april 2015.

Samarbeidet om metodehandboka
Husbanken, Helse Vest, Helse Bergen, Helse Stavanger og kommunane Bergen og Sandnes samarbeider om ei metodehandbok om Housing First der dei deler erfaringar frå sine prosjekter i vest. Metodehandboka vil bli utgitt elektronisk i april 2016. Målgruppe for metodehandboka er personar som skal jobbe med Housing First i praksis.

- Vi håper og trur at metodehandboka vil ha nytteverdi over heile landet, for kommunar eller andre som planlegg å starte opp arbeid etter Housing First-metoden, seier Jorunn Fotland, Husbankens representant i prosjektet i vest.

Relevante lenker

Om samarbeidsprosjektet og utprøvinga i Sandnes og Bergen kommune 
Rusfritt liv i ny bustad (Helse Vest)
"Herre i eget hus" (Bergen kommune)
"For første gang har Odd Jack egen leilighet" (NRK)