Bergen - "Nullvisjon for bustadløyse i Hordaland og Sogn og Fjordane? Alle skal bu godt og trygt"

Start: 17. januar 2018 10:00
Slutt: 17. januar 2018 16:00
Sted: Bergen - Radisson Blu Royal Hotell, Dreggsalmenningen 1, 5003 Bergen
Pris: Deltakeravgift: kr. 595,-. NB! Fylkesmannen i Sogn og Fjordane dekkjer deltakaravgift for deltakarar frå eige fylke. Ver merksam på at påmeldinga er bindande!
Påmeldingsfrist: 03. januar 2018 12:00

Fylkesmannen i Hordaland, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Helse Vest RHF og Husbanken inviterer til konferanse i Bergen 17. januar. Her vil du få presentert faglege innlegg om temaet bustadsløyse, samt erfaringar frå praksisfeltet.

 Program 

  • Osmund Kaldheim, adm. dir. i Husbanken, opnar dagen.
  • Evelyn Dyb frå NIBR vil fortelje om kartlegginga av bustadløyse i Noreg, og kva tala betyr for Hordaland og Sogn og Fjordane.
  • Psykiater og grunnleggjar av prosjekt «Udenfor», Preben Brandt vil dele sine tankar med oss frå si siste bok «Det hjemløse menneske», samt erfaringar frå sitt arbeid.
  • Lars Sponheim, Fylkesmannen i Hordaland, vil til slutt leie ein debatt der utvalde kommunar vert utfordra på temaet bustadløyse og nullvisjon.
  • Gunnar O. Hæreid, assisterande fylkesmann i Sogn og Fjordane er ordstyrar for dagen.

Målgruppe

Politikarar, rådmenn, planleggjarar, leiarar, medarbeidara, statlege etatar og andre samarbeidspartnarar.

Føremål

Gje oppdatert kunnskap om bustadløyse, og å motivere til fortsatt ambisiøs innsats i arbeidet med å førebyggje dette.

Om foredragshaldarane