Vinje kommune: Prøvebustaden Øyfjell

Sluttrapport for prøvebustad og bustadfeltet i Øyfjell, utarbeidd av Vinje kommune (2011).


Ideen med ein ”prøvebustad” (rekrutteringsbustad), er å minske risikoen ved å flytte til ein ny stad. Ein kan leige prøvebustaden i inntil tre år medan ein finn ut om Øyfjell eller Vinje er staden å bu og medan ein bygger eller venter på å kjøpe seg eige hus.
Derfor er leigeprisen slik at ein kan ”ha råd til” å flytte midlertidig og t.d. kan leige ut den bustaden ein alt måtte ha i staden for å selje før ein veit. Ein får standard husleigekontrakt med ei leigetid på maks 3 år. Pr. 2010 er eiga er kr. 7.000,- pr. mnd.

Det blei utarbeidd ein ideskisse om bruk av moderne arkitektur og tradisjonelle materialar, men med bruk av gamle prinsipp: rekkjetunet. Ikkje berre er rekkjetunet viktig for å trekke liner tilbake til tradisjonell byggeskikk, men tanken om å skape ein huskrull og eit bumiljø er sentral. Som tilflyttarar kan ein bu i nærleiken av andre og soleis lettare få kontakt og etablere nettverk.
(Kilde: rapporten)

Sjå teikningar og fotografi frå bustadsfeltet.


 

Kommentarer

Navn:
E-post:
Kommentar:
Kommentaren din må godkjennes før den blir synlig på websiden.