Universell utforming - nødvendig for nokon, bra for alle

Universell utforming handlar om å skape eit meir inkluderande samfunn. Det skal ikkje vere spesialtilpassing til enkeltpersonar eller grupper, men løysingar som sikrar god tilgjenge og er brukande for alle.

På desse sidene finn du råd om innvendige forbetringar av bustader og andre bygnader, samt informasjon om universelt utforma uteområde. I tillegg finn du informasjon om krava til universell utforming i lovar, forskrifter og retningslinjene for husbanklån. Sidene er utvikla i samarbeid med andre offentlege etatar, forskingsmiljø og byggebransjen.