Organisasjon og leiing

Husbanken er samansett av seks regionkontor og tre sentrale kontor. Dei sentrale kontora er plassert i Drammen, medan regionkontora har kontor i Hammerfest, Bodø, Trondheim, Bergen, Oslo, Arendal og Drammen.

Husbanken har totalt om lag 330 tilsette og blir leia av administrerande direktør Bård Øistensen.

Regionkontora

Ein stor del av Husbankens kundekontakt skjer gjennom regionkontora, som med sin lokalkunnskap er ein viktig samarbeidspartnar for kommunar og byggjebransje i sine fylke. Den regionaliserte organisasjonsstrukturen gir ein nærleik til kundar og samarbeidspartnarar som er avgjerande for at Husbanken skal kunne bidra til gode resultat.

Husbanken i Drammen

Husbankens kontor i Drammen omfattar Hovudkontoret, Strategikontoret og Forvaltningskontoret.

  

Husbanken si leiing

Direktørmøtet er administrerande direktør sitt viktigaste rådgivande organ. Her møter dei assisterande administrerande direktørane, dei seks regiondirektørane og direktørane for Hovudkontoret, Forvaltningskontoret og Strategikontoret.