Fast eller flytande rente

Alle låntakarar kan velje mellom flytande og fast rente eller ei blanding av desse.

Flytande rente

Flytande rente endrar seg i høve til endringar i det generelle rentenivået. Renta kan endrast kvar 2. månad. Husbanken varslar om ny rentesats minst seks veker før endringa trår i kraft.

Fordelar med flytande rente:

  • Du får lågare rente dersom rentenivået går ned.
  • Du står friare til å endre betalingsplanen.
  • Du kan gå frå flytande til fast rente.

Ulempar med flytande rente:

  • Du får høgare rente dersom renta stig.
  • Du har liten oversikt over framtidige rentekostnader.

Fast rente

Om du vel lån med fast rente, er du bunde til den same renta i tre, fem, ti eller tjue år (bindingstida). Valt bindingstid kan ikkje vere lengre enn attståande løpetid på lånet.

Fordelar med fast rente:

  • Du har fullt oversyn over rentekostnadane i bindingstida.
  • Sjølv om det generelle rentenivået stig, har du den avtala renta i heile bindingstida.

Ulempar med fast rente:

  • Dersom det generelle rentenivået går ned, har du likevel den høgare renta i heile bindingstida.
  • Du kan ikkje fritt endre betalingsplanen.
  • Du må rekne med å betale overkurs dersom du bryt fastrenteavtala.

Praktiske opplysninger

Overgang til fast rente kan kun skje den 1. i månaden. Du kan inngå avtale om fast rente på Mitt kundeforhold. Alternativt kan du kontakte Husbanken og få tilsendt avtaledokumenter, som samtlege låntakarar må underskrive og returnere. Avtale med original signatur og evt. vedlegg må være MOTTEKE i Husbanken seinast den 24. i månaden før.

Brot på fastrenteavtalen

Dersom du bryt fastrenteavtala, vert lånet ditt belasta med overkurs eller godskrive med underkurs. Som brot på fastrenteavtala reknast innløysing av lånet før avtala nedbetalingsdato, ekstraordinære betalingar i bindingstida, overgang til flytande rente i bindingstida og overføring av lånet til ny låntakar. Ved delvis innløysing reknast berre over-/ underkurs på den ekstraordinære betalinga, medan fastrenteavtala held fram uendra for attståande del av lånet. OBS! Ver merksam på at over- og underkurs skattemessig reknast som renteutgift og renteinntekt.

Over- og underkurs reknast i samsvar med Forskrift om kredittavtaler § 9.

Kva skal du velje?

Du må sjølv ta eit val ut i frå ei vurdering av din eigen situasjon og av renteutviklinga dei næraste åra. Fastrentelån gjev deg oversyn over lånekostnadane i heile bindingstida. Den flytande renta har som hovudregel vore lågare enn fastrentetilbodet på same tid, men dette kan variera over tid. Dersom du vel flytande rente, kan du gå over til fast rente utan å betale gebyr.