Etterlengta standard om universell utforming
- Standarden speglar det nivået me er på i dag. På nokre område er den detaljert, på andre område meir ”omtrentleg". Det er viktig å sjå på standarden som ei førsteutgåve, seier Aina Tjosås, Husbanken Region vest.
- Det har vore tidkrevjande og til tider vanskeleg, men samstundes lærerikt og interessant. Mange ulike omsyn skulle ivaretakast og mange felt veit vi per i dag for lite om til å kunne ta med i ein standard. Særleg gjeld dette syn og hørsel, seier Aina Tjosås, Husbanken Region vest.
Det heile starta i 2005 og har resultert i to standardar:
-
NS 11001 Universell utforming av byggverk, del 1 Arbeids- og publikumsbygninger
-
NS 11001 Universell utforming av byggverk, del 2 Boliger.
Dei to nye standardane blir viktige verktøy for prosjekterande, oppdragsorganisasjonar og eigedomsforvaltarar. Standardane spesifiserer krav til både produkt, bygningar, omgjevnader og tenester.
- Korleis vi du beskrive arbeidet med utvikling av standarden?
- Det har vore tidkrevjande og til tider vanskeleg, men samstundes lærerikt og interessant. Mange ulike omsyn skulle ivaretakast og mange felt veit vi per i dag for lite om til å kunne ta med i ein standard. Særleg gjeld dette syn og hørsel. Samstundes har arbeidet sett fokus på nokre felt der interessene er motstridande. Det har ført til at noko som kan vere bra for ei gruppe må utelatast, for ikkje å skape problem for andre, seier Aina Tjosås.
Begrepet universell utforming har ulike nemningar i ulike land, og innhaldet har ikkje vore heilt enkelt å få ta på. På engelsk heiter det til dømes universal design og i Noreg har det lenge blitt forstått som ein strategi før det no altså er blitt nedfelt som ein standard. Og det er etter kvart blitt ein etterspurt standard, sidan folk ikkje heilt har visst kva krav og reglar som gjeld på dette området.
- Korleis bør vi no forstå uu -
er det "berre" ein standard eller er det framleis ein tenkjemåte, ein strategi og begrep?
Eller for å seie det slik: Kor mykje lenger har vi kome med etableringa av denne standarden?
- Det er heilt klart at ein standard ikkje løyser alle utfordringar rundt uu. Det den gjer er å seie noko om konkrete ting der det er vedteke å byggje etter prinsippa for uu. I praksis betyr det at dersom ein ønskjer at tilkomstvegen til eit bygg skal vere universelt utforma, seier standarden korleis dette konkret kan gjerast med omsyn til bredde, dekkje, tverrfall osv. Standarden løyser ikkje dei overordna planmessige grepa som sikrar gode terrengtilpassingar, trafikkløysingar og soltilhøve. Standarden er eit hjelpemiddel i planlegginga, men kan aldri erstatte god planlegging, legg Tjosås til.
Krav til tilgjenge blir skjerpa i den nye plan- og bygningslov, som gjeld frå 1. juli 2010. Alle arbeidsbygg og publikumsbygg skal då oppfylle krava til universell utforming. Sidan dette er første generasjon standardar på dette området inneheld dei også ein del grunnlagsinformasjon for å auke forståinga for emna syn, hørsel, rørsle, orientering og miljø. Dei inneheld konkrete krav og tilrådingar. Dette gjeld først og fremst løysingar i bygningar, men omfattar også løysingar frå parkering/tilkomst til bygning. Det er standard Noreg som har ansvar for utvikling av standardane, men arbeidet med å få dei på plass har bestått av ein breitt samansett komité: Her har det vore representantar frå Sosial- og helsedirektoratet ved Deltasenteret, Statens Bygningstekniske etat (BE), Oslo kommune ved Undervisningsbygg, Universitetet for biovitenskap, Husbanken, Statsbygg, Boligprodusentene, Norske Arkitekters Landsforbund og interesseorganisasjonene FFO og SAFO.
For Husbanken Region vest har deltaking i arbeidsgruppa vore svært nyttig med tanke på å utvikle kontoret sin fagkompetanse innan uu. Denne kompetansen vil ein kunne trekkje vekslar på ved revidering av eigen rettleiar. Samstundes gir eit slikt arbeid god kjennskap til andre sentrale aktørar på området, som det er viktig for Husbanken å samarbeida med.
Arbeidet med utforming av standardane for universell utforming av byggverk har vore tidkrevjande. Dette skuldast mellom anna at det har vore naudsynt med grundige drøftingar av både terminologi og konkrete løysingar. Slik sett har komitéarbeidet vore banebrytande. Sidan dette er første generasjons standardar innan ein ny strategisk tenkemåte, må ein rekne med endringar etter kvart som kunnskapsnivået aukar. NS11001 representerer såleis dagens kunnskaps- og kompetansenivå, der ein har tatt eit langt steg framover for å skape eit samfunn som er tilgjengeleg for alle.
- Standardane er ein viktig reiskap for å auke kunnskapen om kva universell utforming betyr for ulike grupper, sa statsråd Liv Signe Navarsete under overrekkinga dei nye standardane. At dei er på plass er i seg sjølv eit verkemiddel for å auke kunnskapen om emnet i byggjenæringa, understreka ho.
Standard Norge arbeider også med ein eigen standard for universell utforming av uteområde. Den skal etter planen vere ferdig ved årsskiftet 2010/2011. Den vil mellom anna omfatte parkar, badeplassar, friluftsområde og leikeplassar.
Opprettet: 04.02.2010 -
Sist oppdatert: 26.03.2010