Hopp til artikkel, meny, søk.

Utskrift

Hopp til topp, meny, søk.

Fagdag om bygging av sjukeheimar

Bør kommunane bygge om, bygge på eller heller bygge nye sjukeheimar? Har kommunane økonomi og disponible tomter til slike løft? Dette var nokre av spørsmåla på Husbanken Region vest sin fagdag i Bergen nyleg.


Sjukeheimfagdag 200110 jpg

Nokre av deltakarane på fagdagen: Harald Risnes, Stryn, Ruth Berit Vik, Bergen, Alf Olsen, Årdal, Randi Ytrehus, Bremanger, Åse Ribe, Husbanken, Steinar Anda, Husbanken, Jarle Skaar, Sogndal, Kari Krogh, Eid og Oddvar Rørtveit, Husbanken.

- Sjukeheimar er ikkje noko kommunane byggjer kvar dag. Til det er dei både krevjande å planlegge samt dyre å byggje og drifte, poengterte rådgjevar Frode Hovlandsdal, Husbanken Region vest. Fagdagen om bygging av sjukeheimar vart arrangert i regi av Husbanken for kommunar i Sogn og Fjordane. Her orienterte Bremanger, Eid, Sogndal, Stryn og Årdal kommune om kor langt dei var komne i utbygginga.

Innhaldet på fagdagen var basert på innspel frå kommunane og synte at det var stort behov for fagleg påfyll både innan pleie, økonomi, prosjektorganisering og arkitektoniske løysingar. Den nye samhandlingsreforma blir også ei stor kommunal utfordring.

Kommunale problemstillingar
- Ombygging/utbygging av eksisterande sjukeheimar: Godt nok for framtida?
- Har ein disponible tomter til utbygging?
- Sentralisere/effektivisere kommunale tenester?
- Bør kommunar slå seg saman for å løyse aukande oppgåver?
- Bør ein prioritere fleksible omsorgsbustader?

- Korleis planlegge gode sjukeheimar, spurde seniorarkitekt Oddvar Rørtveit, Husbanken og viste døme på ulike løysingar. Bergen kommune viste døme på eiga sjukeheimsutbygging og erfaringar med desse.

- Vil samhandlingsreforma skape nye typar sjukeheimar, spurde Åse Ribe i sitt innlegg, der ho også drøfta skilnaden på sjukeheim og omsorgsbustader.

- Kvifor bør vi satse på miljø- og energieffektive sjukeheimar, spurde seniorarkitekt Steinar Anda, Husbanken. Det er ein ting å byggje nye sjukeheimar, men ein like viktig å spørje om kva det kostar å drive dei. Han synte døme på kor mykje det var å spare på energiøkonomisk bygging og drift.

(Innleiarane sine innlegg finn du nedanfor).

Oddvar Rørtveit 
Bergen kommune 
Steinar Anda
Årdal kommune
Åse Ribe
Opprettet: 29.01.2010 - Sist oppdatert: 08.02.2010