Havna som møtestad i Breivikbotn
Med statlege BLEST – midlar vil Hasvik kommune saman med innbyggarane gjere havna i Breivikbotn til møteplass for alle i bygda.
Av Astrid Seime, Husbanken region Hammerfest
Hasvik kommune har engasjert landskapsarkitektane frå Arurora landskap i Alta til å vere med å utvikle BLEST-prosjektet ; "Havna - det pulserende hjertet i bygda". Vi utfordra landskapsarkitekt Mari Wiborg-Jenssen frå Aurora landskap til å dele nokre erfaringar og tankar om korleis ein kan ta i bruk verkstad som metode for å involverer lokalbefolkninga i stadsutviklingsprosjekt.
- Ved å ta med innbyggarane i prosessen er dei med på å utvikle prosjektet, seier Wiborg-Jenssen.
Verkstad som metode i stadsutviklingsarbeid
- Kva er utfordringane i forhold til dykkar arbeid når ein tek i bruk verkstad som metode?
- Ei utfordring er å kombinere det faglege i prosjektet med kva folk ønskjer seg. Verkstad er ein veldig intens prosess der avgjersler vert tekne i raskt tempo. Den raske arbeidsmetoden bør ikkje gå på bekostning av gode faglege val og løysingar, fortel Wiborg-Jenssen.
Eit av føremåla med verkstad er å utfordre etablerte roller, slik at dei gode ideane kjem fram, uten at det er så viktig kven som kjem med dei. Å få til denne dynamikken er utfordrande, og krev at alle deltakarane forstår at det er det som er målsetjinga.
Det var lett å involvere folk når dei fekk teikne ønskjer og tankar om korleis havneområdet i Breivikbotn på kartet.
- Kva er viktig å tenkje på når ein skal samle folk til slike prosessar med verkstad?
- For å få til ein vellukka medverknadsprosess er det avgjerande at det finst eit engasjement på staden for prosjektet, og eit ønskje om å gjere noko med den noverande situasjonen. Det var ein slik situasjon vi møtte i Breivikbotn, seier Wiborg-Jenssen.
Størrelse og samansetjing av gruppa
Oppmøte er alfa og omega i ein slik prosess. I Breivikbotn blei det tatt eit val om å invitere referansegruppa i prosjektet og nokre lokale eldsjeler som hadde vore aktive i arbeidet. Det vart ei gruppe på til saman 12 personar.
- Det at gruppa var såpass lita skapte godt samspel, og gjorde at vi ble godt kjent med kvarandre gjennom prosessen. På den andre sida kan det hende nokon har følt seg forbigått, og at viktige momenter ikkje kom fram. Størrelse og samansetjing av gruppa må veljast ut ifrå førmålet med verkstadan, seier Wiborg -Jenssen.
Verkstaden i Breivikbotn bestod av to arbeidsøkter fordelt på to dagar på til saman 8 timar. Den tredje dagen vart arbeidet i verkstaden presentert på eit folkemøte.
Landskapsarkitektane sette i løpet av dei to dagane av tid til å jobbe sjølvstendig med dei faglege løysingane.

Utfordringar og fallgruver undervegs i prosessen
- Ei utfordring vi møtte i prosessen var å få tak i viktig og riktig informasjon. Vi ser i ettertid at vi burde ha jobba meir på førehand med å hente inn viktig informasjon som er avgjerande for val som blir gjort i prosjektet. Ei anna utfordring var å få ro og tid for oss landskapsarkitektane til å arbeide for oss sjølve med dei faglege løysingane. Det er en ganske intens prosess, som krev mykje av alle involverte, seier Wiborg-Jenssen.
- Å arrangere ein verkstad når det ikkje er behov for det, er den største fallgruva ein kan gå i. For å få til ein god verkstad er det essensielt å ha lokalt engasjement og godt oppmøte. Det er også viktig å følgje opp med informasjon i etterkant, og oppfølgjing av det som har blitt bestemt i verkstaden, seier Wiborg-Jenssen.
- Er det nokre personar i bygda er det ekstra viktig å involvere i prosessen?
- Det er veldig viktig å få med lokale eldsjeler som kan løfte prosjektet opp med visjonar og idear. I tillegg er det heilt avgjerande at dei som har makt blir invitert og tar seg tid til å delta, f.eks de kommunalt tilsette. I Breivikbotn forstod dei kor viktig det er og stilte med både plan- og strategileiar Bente Olsen Husby og teknisk rådgjevar Kim-Are Walsø. Det var også gjort en veldig god jobb med å forankre prosjektet hjå rådmann og ordførar, som tok seg tid til å komme innom, i tillegg til å vere med på folkemøtet, seier Wiborg-Jenssen.
-Korleis trur du ein kan få havna til å bli det pulserande hjartet i bygda?
- Prosjektet handler om å skape eit møte mellom aktivitetane som finst i havna i dag. At uformelle møter kan skje der kvardagen sine aktivitetar finst i dag. Det er også viktig å skape kontakt til vatnet for å få ei binding mellom sjø og land, fortel Wiborg-Jenssen.

Landskapsarkitektane frå Aurora landskap i Alta med (f.v.)Anita Veiseth, Nuno Pires Figueiras og Mari Wiborg-Jenssen.
Samarbeid mellom Hasvik kommune og landskapsarkitektane
- Korleis samarbeider de med Hasvik kommune og prosjektleiaren for å involvere folk og planlegge det praktiske rundt opplegget?
- Utan entusiasme og organisatorisk hjelp frå kommunen, ville det ikkje blitt verkstad. Det var kommunen som inviterte folk, sørga for at dei møtte opp og samordna alt det praktiske med lokale og bevertning.
- Korleis kan de som landskapsarkitektar samarbeide og bistå kommunar i stadsutviklingsarbeid?
- Å ha med landskapsarkitektar på verkstaden, gjer at ein oppnår løysingar som ikkje ville kome fram på ein verkstad utan fagfolk. Vi bidreg i hovedsak på to måter når vi kjem inn i eit prosjekt. Den eine er at vi kan sjå situasjonen utanfrå og med nye auge. Den andre er at vi kan sjå nye løysingar og moglegheitar ut i frå vår faglege ballast. Som landskapsarkitektar kan vi jobbe i alle prosjekt der ein arbeider med utearealer, fra stor skala med kommuneplanlegging og tettstadsutvikling, til detaljplanlegging som bytorg eller barnehagar.
Å forme ein stad
- Vi tar alltid utgangspunkt i staden, og staden si ånd, ”genius loci”, når vi skal gjennomføre eit prosjekt. I prosjekta prøver vi å ta i bruk materialer som har ei tilhøyrigheit på staden, og kanskje bruke det på nye måter. Vi tek omsyn til klima og solvinkel, noko som er spesielt viktig her i nord. Vi prøvar alltid å skape noko som er tilpassa mennesket og den menneskelage skala. Det kan vere noko så banalt som å lage benkar som er gode å sitte i, og at det finst ein stad å setje seg i sola. Vi prøver å forstå staden og staden sin samanheng med omgjevnadene. I tillegg lyttar vi til oppdragsgjevaren sine ønskjer og behov, og prøver å forstå kva dei treng. Deretter prøver vi å gje dei noko dei ikkje visste at dei ønska seg, men som de blir glade for og kan vere stolte av. Om vi får til dette, då er vi gode landskapsarkitektar, avsluttar Wiborg-Jenssen entusiastisk.

I Breivikbotn er havna ein naturleg møtestad.

Mange bur rundt havna.
Relevante lenkjer:
Presentasjon av Breivikbotn havn
Ein beskrivelse av prosessen (verkstad/metode)
Aurora landskap
Hasvik kommune
Relevante artiklar:
Hasvik får ein million kroner til stadutvikling
Opprettet: 18.02.2009 -
Sist oppdatert: 20.02.2009