Jakta på nye bustønadssøkjarar held fram
I januar har Husbanken setje i verk ei kampanje for å få media til å formidle informasjon om at fleire kan få bustønad. Sosiale medium som Facebook og Twitter vert òg brukt for å nå moglege søkjarar.
Sidan den nye bustønaden vart innført frå 1. juli 2009, har mange nye husstandar med låge inntekter og som slit med å betale husleiga kome inn i bustønadsordninga. Utbetalingane av bustønad auka med 12,5 prosent til 2,7 milliardar kroner.
 |
Husbankens strategidirektør Bjørn Johan Pedersen er godt nøgd med resultata så langt, men understrekar at jakta på nye bustønadssøkjarar held fram.
– No kontaktar vi redaksjonar over heile landet og prøver å få dei til å skrive om at fleire kan få stønad. Så langt har responsen frå redaksjonane vore god, og vi håper mange av dei som les artiklane bruker Husbankens bustønadkalkulator for å sjekke om dei kan få stønad, seier Pedersen.
Mellom nyheitsmedia som har skrive om bustønaden i januar er Tønsbergs Blad, NRK Østfold, Avisa Bodø, Oppland Arbeiderblad og Agderposten. |
Nødvendig med hjelp frå kommunaneHusbanken kjem til å halde fram med å setje i verk tiltak for å nå ut med informasjon om bustønaden til alle med dårlig råd og som slit med buutgiftene. Men strategidirektør Pedersen veit godt at Husbanken aleine ikkje kan lykkast med å nå alle.
– Det er nødvendig at kommunane gjer sin del av jobben. Det er dei som er i kontakt med innbyggjarar som slit med økonomien, og det er denne kontakten som er den mest effektive kanalen for å nå dei som kan trenge bustønad, seier Pedersen.
Han understrekar at mange kommunar alt har gjort mykje godt arbeid for å gjere den nye bustønaden kjent. Gode døme i så måte er Oslo og Lørenskog, som tidligare har vore omtala i ulike nyheitsbrev frå Husbanken.
Oslo: Mange nye bustønadsmottakarar etter informasjonsoffensiv
Lørenskog: Bustønaden aukar mest i Lørenskog
– Tiltaka som Oslo og Lørenskog har setje i verk bør fleire kommunar vurdere å kopiere, slår Pedersen fast.
Tek i bruk sosiale medium
I tillegg til å prøve å nå nye bustønadssøkjarar gjennom redaksjonell omtale i aviser og på radio og tv, brukar Husbanken Facebook og Twitter til å spreie informasjon om den nye bustønaden.
 |
– Vi har oppretta vår eiga side på Facebook, og jobbar med å få så mange som mogleg til å vitje oss der. Målet er å nå grupper som ikkje brukar offentlege nettstader og tradisjonelle nyheitsmedia. Utfordringa er å gjere folk klar over at vi er til stades. Vi oppmodar alle medarbeidararne våre og andre som arbeider med bustønad som nyttar Facebook, om å invitere folk til å vitje Husbanken si Facebookside, der ein mellom anna får tilgang til bustønadkalkulatoren, seier Pedersen. |
|
Du kan vitje Husbanken på Facebook via denne
lenkja. Om du alt er logga inn på Facebook, kan du komme til Husbanken si side ved å skrive inn Husbanken i søkjefeltet øvst til høgre på sida.
Ingressfoto: Colourbox.com
Opprettet: 25.01.2010 -
Sist oppdatert: 26.05.2010